Bli kvitt telefonsal for godt
Til no har 1 875 923 personar reservert seg mot telefonsal i Reservasjonsregisteret. Diverre er det ikkje alle av dei som slepp uønska telefonsamtalar. Er du av dei som stadig får telefonar du ikkje ynskjer, bør du lese desse tipsa.
Registrer telefonnummer i Reservasjonsregisteret
Når næringsdrivande ringer folk som har reservert seg, skjer det ofte fordi dei av ein eller annan grunn ikkje har fått treff på namnet og adressa deira når dei sjekkar listene sine opp mot Reservasjonsregisteret. Dette skuldast at namn og adresse som telefonseljarane har fått frå ulike nummeropplysningstenestar ikkje er identisk med det som er registrert i folkeregisteret.
Dette moglege problemet kan du fjerne ved å legge inn telefonnummeret ditt i Reservasjonsregisteret. Til no er det berre 318 570 nummer som er lagt inn i Reservasjonsregisteret, altså lang færre enn reserverte personar.
- Sidan vi ser at det er effektivt å reservere telefonnummeret sitt i Reservasjonsregisteret oppmodar vi alle som ikkje ynskjer telefonsal om gjere dette slik at reservasjonen deira fungerar best mogleg, seier fungerande forbrukarombod Gry Nergård.
Ikkje alle oppringingar er forbode
Det er ikkje alle typar telefonar du kan reservere deg mot. Til dømes må du godta å bli ringd opp angåande marknadsundersøkingar og av næringsdrivande du har eit aktivt kundeforhold til. Gjeld telefonen kundeforholdet ditt kan du likevel be om at dei ikkje kontaktar deg igjen.
Dersom du ikkje tar telefonen får du ikkje vite kva oppringinga gjeld og du får heller ikkje gitt beskjed dersom du vil bli sletta frå ringelistene. Difor er det betre å ta telefonen, høyre kven som ringer og gi beskjed. Viser det seg at det er nokon som har ringt i strid med reservasjonen din, kan du klage dei inn til Forbrukarombodet.
Kva kan eg klage på?
Du kan klage til Forbrukarombodet på den enkelte næringsdrivande som ikkje respekterar reservasjonen din. Når dei ringer bør du difor spørje kven som ringer (callsenter) og på vegne av kven (oppdragsgjevar). Forbrukarombodet kan då kontakte den næringsdrivande og vurdere rutinane deira for å sikre at dei ikkje ringer folk som har reservert seg mot telefonsal.
Oppdater reservasjonen din med telefonnummer på Brønnøysundregistras nettside eller Minside.
Sjå òg informasjon frå Barne- og likestillingsdepartementet om reservasjon mot telefonsal, uønska reklame og gratis avisar.
Kontaktpersonar hos Forbrukarombodet:
Tonje Hovde Skjelbostad, fagleiar (Tlf: 916 18 729)
Miriam Karlsen, jurist (Tlf: 45 49 00 29)
