Mange klager på uadressert reklame frå eigedomsmeklarar
Forbrukarombodet får stadig klager frå forbrukarar som mottar uadressert reklame frå eigedomsmeklarar trass i at dei tydeleg har reservert seg mot dette. Forbrukarombodet orienterar på ny bransjen om reglane.
Marknadsføringslova forbyr næringsdrivande å levere ut uadressert reklame til forbrukarar som klart har tilkjennegitt at dei ikkje ynskjer dette.
I Noreg er det mange som har nytta seg av denne reservasjonsmoglegheita, men likevel opplever fleire at reservasjonen deira ikkje vert respektert. Ulovleg levering av uadressert reklame er noko av det Forbrukarombodet får inn mest klager på kvart år. Reklame frå eigedomsmeklarar er noko reserverte forbrukarar stadig opplever å finne i postkassa eller på dørmatta si.
Respekterar ikkje regelverket
I 2007 sendte Forbrukarombodet ut eit orienteringsbrev til eigedomsmeklarane om reglane som gjaldt for distribusjon av uadressert reklame. Til tross for dette ser Forbrukarombodet at oblatar med reservasjon framleis ikkje blir overhalde av meklarane. Ombodet ser difor behov for på ny å oppmode bransjen om å overhalde reservasjonar mot uadressert reklame.
- Forventar tiltak
Forbrukarombodet forventar at bransjen no tek problemet på alvor.
– Vi ser på nytt behov for å orientere eigedomsmeklarane om at dei ikkje kan levere uadressert reklame til folk som har reservert seg. Vi forventar at bransjen respekterar desse reglane og sett i verk tiltak som sikrar at krava i marknadsføringslova blir overhalde, seier forbrukarombod Gry Nergård.
Les brevet til bransjen her.
Les tips om korleis handtere reklame eller post i ferien her.
Kontaktpersonar i Forbrukarombodet:
Tonje Hovde Skjelbostad, fagleiar (Tlf: 916 18 729)
Brit Røthe, jurist (Tlf: 45 49 00 40)
