Opphevar vedtak om tvangsmulkt mot Telinet
Forbrukarombodet har avgjort å oppheve vedtaket om betaling av tvangsmulkt som vart retta mot Telinet Energi AS før jul. Bakgrunnen for dette er uklar kommunikasjon mellom partane i etterkant av Marknadsrådet sitt vedtak av 27. januar 2010.
Marknadsrådet fatta vinteren 2010 vedtak om at Telinet sine vilkår om bindingstid og oppseiingsgebyr var urimelege og i strid med marknadsføringslova. Til vedtaket vart det knytt ei tvangsmulkt på 500.000 kroner, som ville bli utløyst dersom selskapet ikkje fjerna dei urimelege vilkåra frå straumkontraktane sine.
Telinet klaga saka inn for domstolane, og heldt fram med å nytte dei urimelege vilkåra i kontraktane sine. Med bakgrunn i at Oslo tingrett 5. november 2010 stadfesta Marknadsrådet sitt vedtak, fatta Forbrukarombodet den 21. desember 2010 vedtak om at Telinet måtte betale tvangsmulkt.
Telinet har i etterkant av dette gitt uttrykk for at dei forsto det slik at Forbrukarombodet i kommunikasjonen mellom partane vinteren 2010 hadde gitt utsetjing på tidspunktet for når dei måtte innrette seg etter Marknadsrådet sitt vedtak.
Ombodet held fast ved at det berre var tidspunktet for når vedtak om betaling av tvangsmulkt skulle fattast som vart diskutert, men har, etter ei nærare vurdering, kome til at formuleringane som vart nytta i korrespondansen med Telinet isolert sett kunne forståast slik Telinet hevdar. Ombodet har difor i brev av 14. januar 2011 gjort om vedtaket om betaling av tvangsmulkt, og samtidig gitt Telinet ein ny frist til 28. januar 2011 til å innrette seg etter Marknadsrådet sitt vedtak.
Forbrukarombodet sitt brev til Telinet kan du lese her.
