Ikkje slank utan innsats
Januar er høgsesong for marknadsføring av ulike «slankeprodukt». Men trudde du at du kunne bli slank utan eigen innsats, må du tru om att.
Forbrukarombodet har i løpet av 2010 fatta fleire forbodsvedtak mot slankemiddel fordi selskapa bak produkta ikkje har kunne dokumentere at det å ta tablettar har slankande effekt.
Les meir: Ikkje gå på slankebløffen
Strenge krav til dokumentasjon
Både Forbrukarombodet og Marknadsrådet har i fleire saker konkludert med at det ikkje kan dokumenterast noko slankande effekt av å ete kosttilskot åleine. Det er til dømes ikkje tilstrekkeleg med sitat frå fornøgde forbrukarar eller såkalla vitneutsegn for å bevise effekten av slike produkt.
Marknadsføring av slankeprodukt er eit særleg kjensleladd område der mange forbrukarar som slit med overvekt vil vere villige til å prøve nye produkt. Helsekostbransjen ser ikkje ut til å mangle kreativitet i forsøka på å slanke forbrukarane og marknadsføringa er i mange tilfelle langt over i det ulovlege.
Ver skeptisk til påstandar om slankande effekt
All erfaring tilseier at ein bør vere særs skeptisk til påstandar om at ein kan bli slankare ved å ete tablettar eller andre slankemiddel, og det er ikkje grunn til å tru at noko nytt og revolusjonerande skal skje på dette området i 2011.
- Regelen er som før: Verkar noko for godt til å vere sant, så er det sannsynlegvis det, seier forbrukarombod Gry Nergård.
Kontaktpersonar hos Forbrukarombodet:
Gry Nergård, forbrukarombod (Tlf: 99 00 50 80)
Tonje Hovde Skjelbostad, fagleiar (Tlf: 91 61 87 29)
