Nyttar villeiande metodar ved dørsal

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:
Tonje Hovde Skjelbostad

Fagleiar Tonje Hovde Skjelbostad.

Nyttar villeiande metodar ved dørsal

10.02.2011

Forbrukarombodet har motteke klager på at selskapet Securitas Direct har nytta villeiande metodar ved dørsal. Selskapet må no gå gjennom rutinane sine og endre framgangsmåten ved dørsal.

Klagarar som har vore i kontakt med Forbrukarombodet reagerar på at seljarar frå Securitas Direct har komme på døra under påskott av at dei skal sjekke brannvarslingsutstyr i regi av burettslag eller kommune. Det har ikkje vore tydeleg at seljarane kjem frå Securitas Direct og at dei skal selje alarmar.

Alvorleg
Framgangsmåten som klagarane beskriv er ikkje slik ein skal opptre ved dørsal, og Forbrukarombodet ser alvorleg på at Securitas Direct ved fleire høve har nytta slike framgangsmåtar.

-   Me har bedt Securitas Direct om å endre sine rutinar for dette, og i tillegg sørge for at reglane i angrerettlova blir fylgt, seier fagleiar Tonje Hovde Skjelbostad hos Forbrukarombodet.  

Les brevet til Securitas Direct her.

I strid med marknadsføringslova
Det er eit klart utgangspunkt for all marknadsføring at ein skal opplyse om at det dreier seg om marknadsføring - dette gjeld sjølvsagt også ved dørsal.

- Det skal utvisast stor varsemd ved salsmetodar der ein rettar seg til forbrukarar i heimen deira. Det skal ikkje vere rom for misforståingar om kva det gjeld, og seljarane skal alltid akseptere eit nei, understrekar Hovde Skjelbostad.

Dessverre ser Forbrukarombodet ofte døme på at selskap ikkje er like flinke til dette og utøver press for å få forbrukarar til å inngå avtalar som dei ikkje ønsker. Ombodet har oppdatert si rettleiing for reglane ved dørsal og standssal, som næringsdrivande som driv med stands- og dørsal skal følgje.

Her finn du den oppdaterte rettleiinga.


Har angrerett ved dørsal
Forbrukarar har 14 dagars angrerett ved dørsal. Har ein inngått ein avtale ein angrar på, må ein gi selskapet beskjed om at ein nyttar angreretten.

Forbrukar skal motta angrerettskjema ved avtaleinngåinga og elles alle vesentlege opplysningar om produktet eller tenesta som blir tilbydt. Er ikkje desse krava oppfylt blir angreretten utvida. Sjå meir om angrerett på Forbrukarportalen.no.

Kontaktperson hos Forbrukarombodet:

Tonje Hovde Skjelbostad, fagleiar (Tlf: 916 18 729)

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer