Urimelege vilkår i den norske fjellheimen
Forbrukarombodet har avdekka urimelege avtalevilkår blant dei store hytte- og leilegheitsutleigarane i vinter-Noreg. Forbrukaren vert tvinga til å betale store summar på forskot, og det er slett ikkje sikkert at ein får pengane att når ein avbestiller. Skistar utmerkar seg med særleg dårlege vilkår.
SkiStar eig og driv skisentra både i Trysil og Hemsedal. Forbrukarombodet har i eit brev til selskapet bedt dei om å endre vilkåra sine.
Forbrukarombodet har den siste tida gjennomgått betalings- og avbestillingsvilkåra til fleire større aktørar som driv med utleige av fritidsbustader. Gjennomgangen har vist at dei aller fleste opererer med forskotsbetaling.
– Det må svært gode grunnar til for at ein næringsdrivande kan krevje full betaling for ei vare eller teneste i lang tid før denne er levert, og vi er generelt skeptiske til forskotsbetaling i forbrukarforhold, seier forbrukarombod Gry Nergård.
Forbrukarombodet sin gjennomgang viser også at forbrukaren i mange tilfelle tapar heile det innbetalte beløpet dersom ein ikkje avbestiller svært lang tid på førehand. Dette meiner Forbrukarombodet er urimeleg.
Krev betre vilkår frå SkiStar
Trysil og Hemsedal er to av dei største og mest populære vintersportsstadane i Noreg, og begge skisentra er eigd og drive av det svenske selskapet SkiStar. SkiStar formidlar også bestilling av hytter, leilegheiter og hotellrom for ein stor del av overnattingsplassane i Trysil og Hemsedal.
Å leige ei hytte i Trysil i vinterferien eller påsken er svært dyrt, og ein må bestille i god tid for å sikre seg plass. Dersom ein bestiller hytta gjennom SkiStar sine heimesider må alt betalast på forskot. Skulle det vise seg at du likevel ikkje kan reise til Trysil i påsken kan du sjå langt etter pengane du har betalt for hytta. Ved avbestilling seinare enn 60 dagar før ein skal bruke hytta, får ein nemleg ingenting att.
Samla sett meiner Forbrukarombodet at desse vilkåra er urimelege og dermed ulovlege etter marknadsføringslova, og bedt selskapet om å endre vilkåra sine. SkiStar har frist til 10. mars med å kome med eit svar til ombodet.
Forbrukarombodet sitt brev til SkiStar kan du lese her.
Les vilkåra og klag
- Vi oppmodar forbrukaren til å lese gjennom vilkåra før ein inngår ein slik avtale. Det kan også lønne seg å skjekke ut om vilkåra er rimelegare dersom ein bestiller hytta direkte frå utleigar, seier forbrukarombod Gry Nergård.
Har du opplevd urimelege betalings- eller avbestillingsvilkår ved norske vintersportsstadar, kan du tipse Forbrukarombodet her.
Kontaktpersonar hjå Forbrukarombodet:
Gry Nergård, forbrukarombod (99 00 50 80)
Lars Grøndal, fagleiar (95 84 28 80)
