400.000 kr i tvangsmulkt for villeiande slankereklame

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

400.000 kr i tvangsmulkt for villeiande slankereklame

29.03.2011

Det skal ikkje lønne seg å villeie forbrukarane. No må Herbal Vital betale tvangsmulkt på 400.000 kroner for villeiande marknadsføring av slankeproduktet Xyphedrine.

Herbal Vital marknadsførte produktet Xyphedrine som «Årets slankeprodukt», med påstandar som at ein ville gå «ned 12 kg på 8 uker» ved bruk av produktet. Selskapet kunne imidlertid ikkje dokumentere den påståtte slankande effekten, og Forbrukarombodet forbaud vidare bruk av påstandane i marknadsføring av produktet i juni 2010.

Herbal Vital valde likevel å halde fram med den ulovlege marknadsføringa, og klaga vedtaket inn for Marknadsrådet.

Må betale

Til forbodsvedtaket vart det knytt ei tvangsmulkt på 400.000 kroner for selskapet og på 150.000 kroner for dagleg leiar. Tvangsmulkta ville bli løyst ut dersom marknadsføringa heldt fram. Marknadsrådet har no bestemt at selskapet må betale tvangsmulkta.
 
- Det skal ikkje lønne seg å villeie forbrukarane. Næringsdrivande som bryt Forbrukarombodets vedtak, må ta dei økonomiske konsekvensane av det, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Mange saker mot slankeprodukt

Det er ikkje første gong Forbrukarombodet tar grep mot villeiande marknadsføring av slankeprodukt. I 2010 fatta ombodet forbodsvedtak mot fire ulike slankeprodukt. Vedtaka vart fatta mot firmaet Trollkost for marknadsføring av produkta Epica og SlankeKuren2010, samt mot firmaet Medislim for marknadsføring av produktet Redufim og firmaet Nuform for produktet Nushape.

Eksempelet med Herbal Vitals marknadsføring av Xyphedrine stadfestar igjen at forbrukarane bør vere veldig skeptiske til produkt som blir marknadsført med slankande effekt.

- Regelen er som før: Verkar noko for godt til å være sant, så er det truleg det, avsluttar Nergård.

Kontaktpersonar hos Forbrukarombodet:

Gry Nergård, forbrukerombud (Tlf: 99 00 50 80)
Tonje Hovde Skjelbostad, fagleder (Tlf: 91 61 87 29)






Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer