Vil oppretthalde kravet om å opplyse om tidsbruk i meklarrekningar

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Vil oppretthalde kravet om å opplyse om tidsbruk i meklarrekningar

11.04.2011

Finanstilsynet føreslår å fjerne meklaren si plikt til å opplyse om tidsbruken i rekninga for dei tilfella der det er avtalt ein fast pris for oppdraget. - Ei slik endring vil gjere det vanskelegare for forbrukaren å vurdere kor godt meklaren tek seg betalt for oppdraget, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Meklaren er i dag forplikta til å opplyse seljaren om kor mykje tid som har gått med til salet av bustaden. Desse opplysingane skal gå fram av rekninga seljaren får i etterkant av salet. Forbrukarombodet er skeptiske til at Finanstilsynet no føreslår å fjerne denne plikta i dei tilfella der det er avtalt ein fast pris.

- Denne plikta synleggjer for forbrukaren kor mykje arbeid det ligg bak eit sal av ein eigedom. Opplysingane gjer det mogleg for forbrukaren å vite om prisen på tenesta står i rimeleg forhold til meklaren sin arbeidsinnsats. Det gjer også at forbrukaren i ettertid kan kontrollere om meklaren har gitt eit reelt anslag på tidsbruken i tilbodet sitt, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Ei slik plikt er vanleg praksis innanfor ei rekkje andre bransjar, og Forbrukarombodet kan ikkje sjå at det skal vere særskilt tidkrevjande for meklaren å oppfylle dagens krav.

Les Forbrukarombodet si høyringsuttaling her.

Kontaktpersonar hjå Forbrukarombodet:
Gry Nergård, forbrukarombod (tlf. 99 00 50 80)
Lars Grøndal, fagleiar (tlf. 95 84 28 80)


Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer