Fått «gratis» barberhøvlar i posten?
Har du fått barberhøvlar i posten som du ikkje kan hugse å ha bestilt? Det er du ikkje åleine om.
Ei rekkje forbrukarar har kontakta Forbrukarombodet dei siste månadene etter å ha fått tilsendt barberhøvlar frå det svenske selskapet MyHygo. Felles for desse forbrukarane er at dei ikkje kan hugse å ha bestilt noko abonnement på barberhøvlar.
Abonnement - ingen gratisprøve
MyHygo marknadsfører seg på internett med gratis prøvepakkar på barberhøvlane sine. Alt ein treng å gjere for å få ein tilsynelatande gratis prøvepakke, er å fylle inn personopplysningane sine i eit elektronisk skjema og krysse av for at ein godtar vilkåra.
Dei som klikkar seg inn i vilkåra og les det som står med lita skrift, vil sjå at det som i marknadsføringa blir framstilt som ein gratis prøvepakke på barberhøvlar, eigentleg er sal av eit løpande abonnement som kostar pengar.
- At ein blir innmeldt i eit abonnement som kostar pengar, er eit vesentleg vilkår som må komme tydeleg fram for forbrukaren allereie i marknadsføringa. Slik informasjon skal ikkje gøymast bort i vilkåra, seier forbrukarombod Gry Nergård.
Svensk selskap står bak
Det er det svenske selskapet Onlinecon Group som står bak MyHygo. Forbrukarombodet har tidlegare også fått klager på andre selskap som Onlinecon Group står bak, mellom anna selskapet Natusal. Seinast i fjor haust påla Forbrukarombodet selskapet å endre marknadsføringa av produkt frå Natusal.
Onlinecon Grouphar også vore i søkelyset til Konsumentverket i Sverige for marknadsføring retta mot svenske forbrukarar. Konsumentombudsmannen, som er ein del av Konsumentverket, fatta i januar 2010 eit vedtak mot Onlinecon Group for liknande marknadsføring i Sverige. Forbrukarombodet har sendt over klagane frå norske forbrukarar til Konsumentverket for vidare oppfølging.
- Eg har tillit til at Konsumentombudsmannen vil vurdere om denne marknadsføringa frå MyHygo er i strid med vedtaket frå januar 2010, og sette i verk dei nødvendige tiltaka, seier forbrukarombod Gry Nergård.
Kontaktpersonar hos Forbrukarombodet:
Gry Nergård, forbrukarombod (Tlf: 99 00 50 80)
Tonje Hovde Skjelbostad, fagleiar (Tlf: 91 61 87 29)
