Ber leverandørane av russeutstyr rydde opp

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Ber leverandørane av russeutstyr rydde opp

13.05.2011
Gry Nergård2

Russefeiringa vert stadig meir kommersiell, og leverandørane av russeutstyr tener gode pengar på russen. Forbrukarombodet har avdekka ulovlege vilkår hjå begge dei største leverandørane, og krev at dei endrar praksisen slik at situasjonen for neste års russ vert betre.

Forbrukarombodet har i 2011 eit særskilt fokus på dei unge forbrukarane, og russen er ei prioritert gruppe. Det er ofte i samband med russetida at unge forbrukarar for første gong inngår store og kompliserte avtalar åleine.

– Mange av desse avtalane kan få store økonomiske konsekvensar for den enkelte. Dei som sel russeutstyr har eit stort ansvar, og må sørgje for at salsmetodar og kontraktar ikkje bidreg til å utnytte russen, understrekar forbrukarombod Gry Nergård.  

Avdekka fleire lovstridige vilkår
Sjølv om ein ikkje er medlem av ein russebuss eller russebil, tar dei aller fleste russ seg råd til å kjøpe russeutstyr. Forbrukarombodet kjenner til at dei store utstyrsleverandørane omset for over 30 millionar kroner årleg, noko som viser at russen brukar mykje pengar på russeutstyr.

Forbrukarombodet har avdekka at dei største leverandørane har dels urimelege og ulovlege vilkår både når det gjeld betaling, angrerett og utsending av SMS- og e-postmarknadsføring.

Det er to store leverandørar av russeutstyr på marknaden i dag – Russeservice og Russedress. Begge driv massiv marknadsføring mot russen, og denne startar allereie året før russefeiringa tar til.

Krev betaling på forskot
For å vere sikker på at ein får russekleda sine til feiringa startar, bestiller og betalar dei fleste allereie i oktober/november. For mange russ er det snakk om beløp på fleire tusen kroner, noko som er ei stor utgift for ein skuleelev utan ei fast og trygg inntekt.

– Ei slik forskotsbetaling kan få store økonomiske konsekvensar for russen dersom leverandøren til dømes går konkurs. Leverandørane krev i dag forskotsbetaling på ulovleg vis, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Ombodet har i eit brev til Russeservice og Russedress bedt dei om å endre dei ulovlege vilkåra innan 6. juni.

Breva til utstyrsleverandørane kan du lese i boksen til høyre.

Les Forbrukarombodet sine tips og råd til russen her.

Har du hatt problem med din utstyrsleverandør? Ta kontakt med Forbrukarombodet på www.facebook.com/ulurt, eller send ein e-post til ungforbruker@forbrukerombudet.no.

Kontaktpersonar hjå Forbrukarombodet
:
Gry Nergård, forbrukarombod (Tlf: 99 00 50 80)
Tonje Hovde Skjelbostad, fagleiar (Tlf: 916 18 729)

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer