Urimeleg og villeiande frå tilbudskonseptet 2 for 1
Fagleiar Tonje Hovde Skjelbostad hos Forbrukarombodet.
Fleire forbrukarar har reagert på selskapet 2 for 1, også kalla Dinner for Two, si marknadsføring og avtalevilkår. Selskapet tilbyr rabattar på mellom anna restaurantar, reiser og kulturopplevingar. Forbrukarombodet har gjennomgått avtalevilkåra til selskapet – og har mykje å utsette på desse.
På bakgrunn av forbrukarklagene fann Forbrukarombodet grunn til å sjå nærare på vilkåra til selskapet, og fann mykje må endrast. Selskapet har mellom anna 12 månadars bindingstid, urimelege vilkår for manglande retur av medlemskort og dei krev også ei svært høg forskottsbetaling.
- Samla sett utgjer desse vilkåra ein svært dårleg avtale for forbrukaren, som må betale nesten 5000 kroner for avtalen på førehand, og i tillegg forpliktar seg til å vere medlem i 12 månadar, seier fagleiar Tonje Hovde Skjelbostad i Forbrukarombodet
Skulle ein vere så uheldig å miste medlemskortet krev selskapet i tillegg ikkje mindre enn 1200 kroner frå forbrukaren.
Overheld ikkje krava til marknadsføringslova og angrerettlova
Andre problemstillingar som forbrukarane reagerer på er brot på reservasjonsretten og framgangsmåten ved selskapets telefonsal. Selskapet ringer opp til reserverte forbrukarar for å tilby produktet, og ifølgje klagarane blir det nytta både spar- og gratispåstandar i marknadsføringa som viser seg å ikkje halde mål.
Forbrukarar reagerer også på at selskapet ikkje overheld kravet til skriftleg avtaleinngåing ved telefonsal.
Telefonsal i strid med lova
Samla sett overheld ikkje selskapet krava til telefonsal etter marknadsføringslova, og særleg alvorleg er det at dei ikkje overheld krava til skriftleg avtaleinngåing i etterkant av telefonsamtalen. Dette kravet kom inn med lova i 2009, og har etter ombodets vurdering fungert bra for å få ned talet på negativ avtalebinding ved telefonsal.
- At selskap ikkje overheld kravet til skriftlegheit er med på å undergrave denne viktige tryggleiksmekanismen for forbrukarane, seier fagleiar Tonje Hovde Skjelbostad.
Forbrukarombodet ber om endring
Forbrukarombodet har no tatt opp den mangelfulle marknadsføringa med selskapet, og krev at både marknadsføring og avtalevilkår blir endra i samsvar med lova.
Les brevet til 2 for 1 her.
Kontaktperson hos Forbrukarombodet:
Tonje Hovde Skjelbostad, fagleiar (916 18 729)
