Vil sjå på kontraktar til NOKUT-godkjente utdanningar

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Vil sjå på kontraktar til NOKUT-godkjente utdanningar

06.05.2011

Forbrukarombodet skal sjå på om kontraktane som private høgskular og fagutdanningar bruker er rimelege og balanserte. Ei godkjenning frå NOKUT om å tilby utdanning er nemleg ikkje noko garanti for at kontrakten skulane nyttar er rimelege.

Det er ein del av Forbrukarombodets tilsynsområde å sjå til at kontraktvilkår i forbrukarkontraktar ikkje er urimelege.  I år arbeidar vi spesielt med kontraktar som har stor betyding for unge vaksne. Desse har ofte lita erfaring med å inngå kontraktar, og sett seg ofte ikkje godt nok  inn i kva dei forpliktar seg til når dei underskriv skulekontrakten.

Ved studieavbrot eller sjukdom kan kontrakten bli ein stor økonomisk belastning, noko Forbrukarombodet har fått fleire klager på. Det er derfor viktig at vilkåra er rimelige og balanserte overfor studentane.

Har utarbeida standardkontrakt
Dei private høgskulane og fagutdanningane kan ta i bruk Forbrukarombodet sin standardkontrakt for privatskular. Denne regulerar mellom anna forskotsbetaling, studentanes oppseiingsrett, og skulens høve til å endre og avlyse kurs og undervisning.

– Dersom skulane nyttar Forbrukarombodets kontrakt, eller vilkår som er minst like gode, vil det vere tryggare for studentane, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Standardkontrakten vil bli tilgjengeleg på Forbrukarombodets si heimeside i løpet av våren/sommaren 2011.

Styrkar kvaliteten i utdanninga

Forbrukarombodet vil med hjelp frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)  i første omgang sjå på kontraktane som enkelte av dei kreative utdanningane nyttar.

– Det styrkar kvaliteten dersom ei utdanning som er godkjent av NOKUT, samtidig nyttar vilkår i kontrakten som er i tråd med Forbrukarombodet sine retningslinjer, avsluttar forbrukarombod Gry Nergård.

Les også: Sjekk dette før du veljer utdanning

Temaside: Unge vaksne

Kontaktpersonar hos Forbrukarombodet:
Gry Nergård (Tlf: 99 00 50 80)
Tonje Hovde Skjelbostad, fagleiar (Tlf: 91 61 87 29)

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer