Betre informasjon ved privatsal på FINN.no

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Betre informasjon ved privatsal på FINN.no

23.06.2011

No skal både dei private annonsane og meklarannonsane på FINN.no bli meir informative. Forbrukarombodet, Forbrukarrådet, eigedomsmeklarbransjen og FINN.no har kome fram til ei løysing som sikrar at annonsane alltid inneheld nøkkelinformasjon om bustaden, slik at du som kjøpar skal kunne sjå kva bustadkjøpet eigentleg kostar deg.

1. januar 2010 vart det opna for at private bustadseljarar kan annonsere på FINN.no. Forbrukarombodet har i etterkant av dette sett fleire dømer på annonser som ikkje inneheld tilstrekkeleg informasjon. Bransjenorma for marknadsføring av bustad set opp krav til kva informasjon som skal vere med i annonsane, men denne gjeld berre for meklarane og ikkje for private seljarar. Bransjenorma gir likevel uttrykk for ein standard som også dei private seljarane bør oppfylle.

- Som kjøpar har ein det same behovet for informasjon sjølv om ein vel å kjøpe av ein privat seljar, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Fleire obligatoriske felt
Forbrukarombodet, Forbrukarrådet og eigedomsmeklarbransjen tok derfor initiativ til et samarbeid med FINN.no for å sikre at bustad-annonsene på FINN.no inneheld all nøkkelinformasjon, uavhengig av om det er private eller eigedomsmeklarar som sel bustaden.

Partane har no kome til ei einigheit om at fleire felt skal vere obligatoriske å fylle ut for annonsørane på FINN.no. Det vil no blant anna bli obligatorisk å informere om alle opplysingar kring eventuell fellesgjeld og nedbetaling av denne, i tillegg til storleiken på felleskostnadane etter ein eventuell avdragsfri periode.

Dette er spesielt viktig ved kjøp av såkalla låginnskotsbustadar, der bustaden ofte framstår som billig grunna lågt innskot og låge felleskostnadar. Dei låge felleskostnadane skuldast oftast at bustadsameiget enno ikkje har starta nedbetalinga av fellesgjelda. Då den avdragsfrie perioden er over, vil felleskostnadane ofte auke drastisk.

- Å få opplyst storleiken på felleskostnadane etter avdragsfri periode er med andre ord heilt nødvendig for at du som kjøpar skal kunne sjå kva bustadkjøpet eigentleg kostar deg, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Også fordel for seljar
Fleire obligatoriske felt vil ikkje berre betre situasjonen for kjøparen, men vil også vere ein fordel for den private seljaren. På denne måten sørgjer ein for at seljaren oppfyller ein del av informasjonsplikta som han har overfor kjøpar etter avhendingslova.

Opplysingar om fellesgjeld og felleskostnadar er krav som følgjer av bransjenorma for marknadsføring av bustad, men som per i dag heller ikkje er obligatoriske for meklarane å fylle ut ved annonsering på FINN.no. Endringane vil innebere at desse felta også vert obligatoriske å fylle ut for eigedomsmeklarar.

FINN.no tek sikte på å gjennomføre endringane over sommaren.

Kontaktpersonar hjå Forbrukarombodet:
Gry Nergård, forbrukarombod (Tlf: 99 00 50 80)
Lars Grøndal, fagleiar (Tlf: 95 84 28 80)

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer