Lånetilbydarar skjuler kredittkostnadane

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Lånetilbydarar skjuler kredittkostnadane

20.06.2011

Eitt år etter at nye reglar for marknadsføring av kreditt trådde i kraft, følgjer mange lånetilbydarar framleis ikkje lova. Forbrukarombodet har avdekka ulovleg marknadsføring hos 36 tilbydarar av lån og kreditt.

Etter fjorårets endringar i finansavtalelova, er det no krav om at all marknadsføring av kredittavtalar skal innehalde enkelte faste opplysningar om kva kreditten kostar. Mellom anna er opplysningar om effektiv rente og totalkostnad på kreditten obligatoriske.

Les meir: Dette bør du sjå etter i reklame for lån

Forbrukarombodet har saman med representantar frå bransjen laga ei rettleiing som skal gjere det enklare å forstå dei nye reglane i finansavtalelova. Bransjen fekk frist til 1. juni for å rette seg etter krava i rettleiinga, men mange heng etter. I ein kontrollaksjon tysdag 7. juni avdekte Forbrukarombodet ulovleg marknadsføring av kreditt frå til saman 36 bankar og tilbydarar av kreditt.

- Overraskande og skuffande

- Funna overraskar meg, særleg fordi rettleiinga vår viser kor lett det er å følgje lova. Resultatet er også skuffande, fordi dette gjeld opplysningar som er svært viktige for forbrukarane, påpeikar forbrukarombod Gry Nergård.

Ho understrekar at føremålet med dei nye krava til marknadsføringa var å gjere det enklare for forbrukarane å forstå kostnadane ved ulike lånetilbod.

– Det kan vere vanskeleg for forbrukarane å vite kor godt eit lånetilbod faktisk er. Då er det spesielt viktig at opplysningar om til dømes den effektive renta er med i marknadsføringa, slik at forbrukarane lettare kan samanlikne ulike tilbod, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Må endre marknadsføringa
Dei 36 lånetilbydarane har no fått brev frå Forbrukarombodet med påbod om endre eller stoppe marknadsføringa. Forbrukarombodet skal ha ein ny kontrollaksjon til hausten, og ber bransjen skjerpe seg. Også fram mot neste kontrollaksjon vil ombodet ta opp enkelttilfelle av ulovleg marknadsføring.

– Eg forventar at bransjen no rettar seg etter regelverket og at vi finn langt færre lovbrot ved neste kontrollaksjon, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Les Forbrukarombodet si rettleiing til marknadsføring av lån og kreditt her.

Kontaktpersonar hos Forbrukarombodet:
Frode Arnesen, juridisk seniorrådgjevar (Tlf: 45 21 21 76)
Miriam Karlsen, jurist (Tlf: 45 49 00 29)


 

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer