Reklame eller post i sommarferien?
Skal du reise vekk i ferien, bør du få nokon til å ta inn posten for deg. Du har kanskje avbestilt avisa og omadressert posten til hytta, men kva med alt det andre du får i postkassa eller på dørmatta?
Forbrukarombodet gir deg her nokre tips for å unngå at posten hopar seg opp medan du er vekke.
Adressert reklame
Dersom du har stoppa posten, vil du i alle fall ikkje få den adresserte reklamen som Posten distribuerar.
Visste du at du òg kan reservere deg mot adressert reklame i Brønnøysundregistra?
Uadressert reklame
Det er fleire enn postbodet som distribuerar reklame, og dei vil ikkje vite at du har avbestilt posten. For å unngå uadressert reklame, må du merke postkassa med at du ikkje vil ha reklame. Slike merke kan du få hjå Posten og dei fleste miljøorganisasjonane. Du kan òg skrive ein lapp sjølv.
Bur du i blokk, bygard eller liknande, kan du risikere at det vert lagt uadressert reklame utfor døra di. Vil du unngå dette, må du òg merke døra.
Offentleg informasjon
Du kan ikkje reservere deg mot offentleg informasjon, men dersom du har stoppa posten, vil du truleg heller ikkje ta imot slik informasjon.
Gratisaviser
Du kan òg reservere deg mot gratis aviser. Du set då opp eit merke på postkassa og/eller inngangsdøra med beskjed om at du ikkje ønskjer gratis aviser. Dersom du berre har reservert deg mot uadressert reklame, vil du framleist kunne få gratis aviser.
Kontaktpersonar hjå Forbrukarombodet:
Tonje Hovde Skjelbostad, fagleiar (Tlf: 91 61 87 29)
