Uønskt SMS-spam frå M-Quest
Forbrukarombodet har dei siste vekene fått mange klager frå forbrukarar som har motteke uønskt SMS-reklame for Tulletelefon.no. – Firma som bryt spam-forbodet i marknadsføringslova risikerer økonomiske sanksjonar, seier forbrukarombod Gry Nergård.
Forbrukarombodet får stadig klagar frå forbrukarar som reagerer på at dei har fått uønskt reklame på e-post eller SMS. No er det selskapet M-Quest AS som har sendt ut ei stor mengd SMS-ar med reklame for nettstaden Tulletelefon.no.
Selskapet har også tidlegare vore i Forbrukarombodet sitt søkelys etter å ha sendt ut uønskt SMS-ar til forbrukarar.
- Ikkje samtykke eller kundeforhold
Forbrukarane som klager seier dei ikkje forstår kvifor dei har fått denne meldinga frå M-Quest. Dei reagerer på at dei korkje har samtykka til slik marknadsføring eller har eit kundeforhold til selskapet.
- Dessverre er det framleis eit stort problem at næringsdrivande sender ut spam på e-post eller SMS utan at mottakarane har bedt om det. Vi vil halde fram med å gripe inn mot desse selskapa, seier forbrukarombod Gry Nergård.
Forbrukarombodet ber om dokumentasjon
Forbrukarombodet har sendt brev til M-Quest AS, med krav om at selskapet dokumenterer at det finst gyldig samtykke eller kundeforhold til klagarane i saka.
Kan ikkje selskapet dokumentere dette, har dei handla i strid med marknadsføringslova § 15 og risikerer å bli ilagt lovbrotsgebyr.
Les Forbrukarombodets brev til M-Quest AS her.
Ønskjer du å klage på at du har fått innhaldstenester til mobilen utan avtale? Les vår klagerettleiar her.
Kontaktpersonar hos Forbrukarombodet:
Victoria Remen, jurist (tlf.: 468 24 516)
Petter Ravne Bugten, fagdirektør (tlf.: 922 01 622)
