Skal du studera til hausten?
20.07.2011
I desse dagar er studieopptaket klart, og mange har fått vite at dei har komme inn på skule. Som student er det viktig at du sett deg godt inn i kva rettar du har og kva kontraktvilkår som gjeld, særleg dersom du skal byrje på ein privatskule. Nedanfor har Forbrukarombodet samla nokre råd til deg som skal studere til hausten.
Overhald tidsfristane
- Hugs å takke ja til den skuleplassen du vil ha innan fristen
- Betal eventuelle skulepengar og eksamensavgift i tide
- Undersøk om du mistar skuleplassen dersom du ikkje møter første skuledag
- Meld deg opp i kurs eller fag, og til eksamen
- Når må du eventuelt seie opp skuleplassen for ikkje å betale for neste semester eller neste skuleår? - hugs å seie opp innafor fristane!
Sjekk kva du forpliktar deg til i skulekontrakten
- Kor mykje kostar skuletilbodet, og kva inkluderar dette?
- Betalte du eit gebyr då du takka ja til plassen? Undersøk om du får dette tilbake om du ombestemmer deg?
- Kor mykje må du betale dersom du trekk deg frå skulen før eller etter opptak?
- Kva reglar gjeld dersom du blir sjuk?
- Krev skulen at du seier opp plassen din skriftleg? – Vi anbefalar at du seier opp skriftleg
- Hugs å ta vare på kontrakten og eventuelle kvitteringar når du betalar til skulen
Kva gjer du dersom du er misnøgd med skuletilbodet?
- Ta opp saka så raskt som mogleg med skulen. Ver konkret – kva er du misnøgd med?
- Før ein oversikt over det du er misnøgd med – til dømes mangel på undervisning, praksisplass eller rettleiing. Registrer også når og med kven du tok opp problemet.
- Dersom du framleis er misnøgd etter å ha tatt opp saka med skulen, så bør du klage skriftleg
- Sjekk om skulen tilbyr at saka kan handsamast hos ei klagenemnd, og ta i så tilfelle kontakt med denne
- Blir du ikkje einig med skulen etter å ha klaga skriftleg, kan du kontakte nokon som kjenner til kva rettar du har. Høyr til dømes med:
- Forbrukarrådet
- Jusstudentar som tilbyr gratis rettshjelp (f.eks. Jussbuss)
- Studentorganisasjonar
- Dersom klagen din gjeld villeiande marknadsføring eller urimelege kontraktsvilkår, kan du kontakte Forbrukarombodet. Forbrukarombodet kan ikkje hjelpe deg i di konkrete sak, men kan hindre at framtidige studentar blir utsett for liknande forhold.
Har du fleire spørsmål? Send ein e-post til ungforbruker@forbrukerombudet.no. Sjekk også vår Facebookside “U-lurt”: Forbrukerombudets side for unge forbrukere.
Kontaktperson hos Forbrukarombodet:
Tonje Hovde Skjelbostad, fungerande forbrukarombod (tlf.:916 18 729)
