Villeiande marknadsføring i treningsbransjen

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Villeiande marknadsføring i treningsbransjen

08.07.2011

I treningsbransjen er det flust med tilsynelatande gode tilbod og spar-påstandar i marknadsføringa. Men det er ikkje alle lovnadane som stemmer. No har Forbrukarombodet stilt krav om at Elixia i marknadsføringa si må vise tydelegare kor mykje det kostar å trene hos dei.

Forbrukarombodet har sett mykje marknadsføring i treningsbransjen som gir villeiande og mangelfull prisinformasjon. Ombodet har no teke opp med Elixia at det i marknadsføringa deira både i aviser, på stands, utanfor treningssenter og på nettet mellom anna er manglande opplysningar om bindingstid og totalpris.

I realiteten har alle avtaler Elixia tilbyr ei bindingstid på 12 månadar, noko som medfører at avtalen alltid vil koste vesentleg meir enn «kr. 1», som nyttast som blikkfang i reklamen.

- Både Elixia og andre treningssenter må gi forbrukarane tydeleg informasjon om kor mykje det faktisk kostar å nytte tenestene deira, seier fungerande forbrukarombod Frode Elton Haug.
 
Har stadfesta endring av marknadsføring
Etter å ha gått grundig gjennom marknadsføringa til Elixia, ba Forbrukarombodet om at firmaet skulle skrive under på ei skriftleg stadfesting på at marknadsføringa blir endra.

Elixia har no skrive under og stadfesta at dei vil følgje loven i framtida.  

Signal til resten av bransjen

Både Elixia og fleire andre i bransjen mottok før jul i 2010 eit orienteringsbrev frå ombodet der dei vart gjort merksame på dei viktigaste prinsippa for prismarknadsføring. Reglane skal altså vere godt kjent i bransjen. Fleire aktørar følgjer reglane, men mange gjer det framleis ikkje.

– Ved å ta ein grundig gjennomgang av dette med Elixia, som ein av dei største aktørane, vonar vi det også vil ha innverknad på resten av bransjen, seier Elton Haug.

Kontaktperson hos Forbrukerombudet:
Frode Elton Haug, fungerande forbrukarombod (Tlf.: 98 66 05 66)

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer