Ha eit bevisst forhold til kven du gir pengar til

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Ha eit bevisst forhold til kven du gir pengar til

03.08.2011

I etterkant av terroråtaka i Oslo og på Utøya har både seriøse og mindre seriøse aktørar starta innsamling til ulike føremål. Samstundes vert det samla inn pengar til dei som er råka av svoltkatastrofen på Afrikas Horn. Givargleda blant nordmenn er stor, men dessverre er det ikkje alltid like enkelt å vite kva pengane går til.

Dei fleste humanitære organisasjonar og andre som driv innsamling gjer eit seriøst og viktig arbeid. Det fins likevel enkelte useriøse aktørar som søker å dra nytte av givargleda, og det er viktig at du som forbrukar har eit bevisst forhold til kven du gir pengar til.

- Det er ingen offentleg kontroll av dei som driv innsamling i Noreg i dag. Som givar er det difor viktig at du sjølv tek ansvar, seier forbrukarombod Gry Nergård.

- Du bør både sjekke om det finst opplysingar om kor mykje av dei innsamla midla som skal gå til det gode føremålet, og generelt om det er grunn til å tru at den som samlar inn pengane er ein seriøs aktør.

Sjekkliste

  • Er den som samlar inn pengar registrert i Innsamlingsregisteret? Innsamlingsregisteret vert drive av stiftinga Innsamlingskontrollen. Det er frivillig å registrere seg, men for å være registrert der må organisasjonen blant anna oppfylle krav til rekneskap og ekstern kontroll. Organisasjonen forpliktar seg også til å gi minst 65 prosent av dei innsamla midla til føremålet.
  • Du kan sjekke om organisasjonen er registrert i Brønnøysundregisteret, og for kva slags føremål.
  • Sjekk om du finn lett tilgjengeleg kontaktinformasjon til organisasjonen, og undersøk gjerne om det er mogleg å komme i kontakt med den.
  • Sjekk om det finst positive eller negative opplysingar eller omtalar av organisasjonen på internett.
  • Er det spesifisert kva føremål pengane skal gå til, og kor stor del av dei innsamla midla som faktisk går til dette føremålet?


Ta kontakt sjølv
Når det skjer noko som gjer at du vil gi pengar til eit føremål, så bruk litt tid på å finne ut kvar det er best å gjere dette.

- Vi oppmodar generelt forbrukarane til sjølve å ta kontakt med organisasjonar eller føremål dei ynskjer å gi pengar til, og ikkje gi til dei som ringer først eller ropar høgast. På denne måten er ein sikker på at mest mogleg av bidraget går til føremålet ein ynskjer å støtte, avsluttar forbrukarombod Gry Nergård.

Les og: “Å betale dyrt for å gi” av forbrukarombod Gry Nergård.

Kontaktpersonar hjå Forbrukarombodet:
Gry Nergård, forbrukarombod (tlf.: 990 05 080)
Sverre Åril, juridisk seniorrådgjevar (tlf.: 917 68 366)

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer