No kan fleire bli kvitt uadressert reklame og gratis aviser

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

No kan fleire bli kvitt uadressert reklame og gratis aviser

30.08.2011

Aftenposten har i årevis vore på klagetoppen hos Forbrukarombodet for distribusjon av gratis aviser og uadressert reklame. Aftenpostens eiga reservasjonsordning har ikkje fungert tilfredsstillande, og no endrar dei denne ordninga etter dialog med Forbrukarombodet. 

Forbrukarombodet har tidlegare forsøkt å stanse Aftenpostens ulovlege distribusjon av uadressert reklame, men har ikkje lukkast i å vinne fram med dette i Marknadsrådet.

Les også: Fritt frem for uadressert reklame

1. september legg Aftenposten ned si eiga reservasjonsordning, noko som fleire forbrukarar allereie har fått informasjon om frå Aftenposten. Reservasjonsordninga vil no bli i samsvar med krava til reservasjon i marknadsføringslova § 17. Omlegginga er gjort for å gjere det lettare for avisboda å få oversikt over kven som har reservert seg, slik at færre forbrukarar forhåpentlegvis skal oppleve å få reklame og gratis aviser dei ikkje vil ha.

Merk postkasse og dør

Ein kan reservere seg mot både uadressert reklame og gratis aviser - det er i lova lagt opp til to separate reservasjonsordningar. Forbrukarar kan reservere seg mot uadressert reklame eller gratis aviser, eller begge deler. Forbrukarar må merke postkassa si med oblatar mot uadressert reklame og gratis avis, eller ein felles oblat. Bur ein i blokk eller fleirhusbustad må ein også merke dør/dørkarm med tilsvarande oblatar for å unngå uadressert reklame og gratis aviser på dørmatta.

Ein kan nytte oblatane frå Barne- likestillings og inkluderingsdepartementet som Aftenposten har lagt ved i sitt brev til forbrukarane, men ein kan også lage sine eigne reservasjonsmerker så lenge det går tydeleg fram at uadressert reklame og/eller gratis aviser er uønskt.  

Ikkje reservasjon mot innstikk
Då ny marknadsføringslov vart vedtatt i 2009 vart det bestemt at innstikk i aviser ikkje er omfatta av reservasjonsordninga. Dette medfører at ein altså ikkje kan reservere seg mot innstikk som er putta inn i sjølve avisa.

Forbrukarombodet vonar at Aftenposten si omlegging av reservasjonsordninga fører til ein betre situasjon for forbrukarane. Dei forbrukarane som tydeleg har vist at dei ikkje ønskjer uadressert reklame eller gratis aviser skal sleppe å få dette i postkassa eller på dørmatta. Det er Aftenposten sitt ansvar å sjå til at oblatar med reservasjon mot uadressert reklame og gratis aviser blir respektert.

Respekterer ikkje Aftenposten din reservasjon mot uadressert reklame og gratis aviser, kan du klage til Forbrukarombodet.

Kontaktperson hos Forbrukarombodet:
Tonje Hovde Skjelbostad (fagleiar), tlf: 916 18 729

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer