Tips og råd til deg som er ny student
I desse dagar er det mange ungdommar som for første gong flytter på hybel og startar ei utdanning. Husleigekontrakt, mobilabonnement, treningsavtale, privatskulekontrakt - det er mykje å tenkje på for deg som er fersk student. Forbrukarombodets tips kan gjere starten enklare.
Hugs husleigekontrakt
Alle studentar må ha ein stad å bu. Dersom du er ein av dei heldige som får tildelt hybel hjå studentsamskipnaden, er du sikra ein god og balansert kontrakt. Dersom du leiger på den private marknaden, er det viktig at du er merksam på rettane dine. Sørg for å ha ein skriftleg kontrakt. Ved innbetaling av depositum er det viktig at dette skjer til ein sperra depositumskonto. Det er utleigar som skal ta kostnaden ved dette.
Forslag til kontrakt kan du finne på Forbrukarportalen.
Les meir om dine rettar som leigetakar her.
Unngå å finansiere studietida med kredittkort
For mange inneber overgangen til studentlivet at ein for første gong er økonomisk sjølvstendig. For dei fleste er det vanskeleg å få studielånet til å strekke til, og det kan vere freistande å ty til enkle løysingar som til dømes kredittkort eller forbrukslån. Forbrukarombodet åtvarar mot dette, då dette i dei aller fleste tilfella fører til at kvardagen blir endå dyrare.
Hugs at pengane skal betalast tilbake – og gjerne med renter i tillegg.
Student ved privatskule? Sett deg inn i rettane dine
For deg som tek utdanning gjennom ein privat utdanningsinstitusjon, er det viktig å lese nøye gjennom vilkåra i skulekontrakten. Det er spesielt viktig å merke seg kva rettar du har dersom du blir sjuk, og dersom du vel å avslutte eller ta pause frå studiet midt i skuleåret.
Meir informasjon finn du her.
Les vilkåra i treningsavtalen
Mange treningssenter reklamerar med eigne studenttilbod. Det er viktig å vere merksam på at dei aller fleste av desse tilboda inneber at du må binde deg til avtalen i minimum eitt år. Sjølv om det er billig å trene dei første månadane, må du likevel belage deg på at avtalen samla sett kan bli dyr. Forbrukarombodet oppmodar deg difor til å lese avtalevilkåra nøye før du skriv under – også det som står med liten skrift.
Les meir om treningsvilkår her.
Ver merksam på dyre mobil- og breibandspakker
Det er dei færraste studentar som klarar seg utan mobil, internett og tv. Har du planar om å kjøpe deg ny mobil eller teikne tv- og internettabonnement, er det viktig å setje seg godt inn i avtalevilkåra.
Mange mobiloperatørar tilbyr abonnement til 0,- kroner. Det viser seg likevel at mange av desse abonnementa krev at du brukar abonnementet for opptil 99 kroner i månaden.
Vel du å kjøpe ein telefon som er tilknytt eit abonnement, er det viktig å vere merksam på at abonnementet mest truleg har bindingstid. Dersom du skal ha nytt mobilabonnement bør du sjekke ut www.telepriser.no.
Her finn du meir informasjon.
Bindingstid vil det også oftast vere på internett- og tv-abonnement. Dette er viktig å ta med i det totale reknestykket. Sjølv om du kanskje får eit godt tilbod dei første månadane, vil den totale årsprisen likevel kunne vere høg.
Har du fleire spørsmål? Kontakt Forbrukarombodet på ungforbruker@forbrukerombudet.no, eller på www.facebook.com/ulurt.
