Ver merksam på rettane dine ved leige av hybel
I år, som tidlegare, er det vanskeleg for studentar å få tak i studenthybel. Det er for mange studentar i forhold til hyblar, noko som gjer at prisane blir pressa i taket. Enkelte utleigarar kan bli freista til å utnytte situasjonen, og det er difor viktig at du som leigetakar er merksam på rettane dine.
Mange studentar er i desse dagar i gang med å leite etter ein plass å bu til neste skuleår. For mange er dette det første møtet med bustadmarknaden.
Viktig med tydelege kontraktar
Det viktigaste er at ein sikrar seg ein skriftleg avtale som regulerer både leigetakar og utleigar sine rettar og plikter. Husleigelova vil alltid gjelde, men ein skikkeleg avtale er likevel nødvendig.
Forbrukarombodet har grunn til å tru at mange kontraktar manglar regulering av utleigar sine plikter og leigetakar sine rettar dersom utleigar skulle misleghalde nokre av desse pliktene. Dette er vesentlege vilkår som bør vere med i ei husleigekontrakt. Dersom utleigar krev depositum, er det viktig at det vert oppretta ein eigen depositumskonto i leigetakar sitt namn. Utleigar pliktar å dekka eventuelle kostnadar ved dette.
- Studentar er ofte unge menneske som manglar erfaring med bustadmarknaden. Ein må difor rekne med at desse i mindre grad enn andre evnar å sjå kritisk på vilkåra som vert presentert for dei, seier forbrukarombod Gry Nergård.
Trygt å leige gjennom studentsamskipnadane
Forbrukarombodet gjennomgjekk i 2009 og 2010 kontraktane til alle studentsamskipnadane i Norge. På bakgrunn av denne gjennomgangen utarbeidde ombodet ei standardkontrakt som alle samskipnadane vart oppmoda om å ta i bruk. Dei fleste har fylgt oppmodinga. Studentar som skaffar seg bustad gjennom ein studentsamskipnad kan difor føle seg trygge på at kontrakten dei underskriv gir dei den nødvendige informasjonen og vernar rettane deira på ein trygg og god måte.
Standardkontrakten finn du her.
Gode og balanserte husleigekontraktar finn du også på Forbrukarrådet sine heimesider: http://forbrukerportalen.no/Publikasjoner/kontrakt_skjema/husleiekontrakt.
Kontaktperson hos Forbrukarombodet:
Brit Røthe, jurist (tlf.: 454 90 040)
