Klagestorm mot Vital Nordic

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Klagestorm mot Vital Nordic

15.09.2011

Har du mottatt krav om betaling frå selskapet Vital Nordic, utan å forstå kva det dreier seg om? Du er dessverre ikkje åleine om det. Det har komme nesten 200 klager på selskapets tvilsame metodar.

Selskapet Vital Nordic held til i Danmark, medan inkassodelen av verksemda, Vital Collect, held til i Sverige. Selskapet sel helsekostprodukt og liknande via netthandel. Produkta blir marknadsført som «gratis prøvepakke», men prøvepakken viser seg å vere starten på eit abonnement. Både Forbrukarombodet, Forbrukar Europa og Forbrukarrådet har motteke fleire klager på selskapet.

Forbrukarombodet vil sende klagene over til dei danske forbrukarmaktene slik at dei kan følgje opp selskapet.

Protestér på kravet

Forbrukarane som klagar trur at dei har takka ja til ei gratisprøve, og reagerer på at det kjem betalingskrav frå selskapet.

Forbrukarombodet meiner at det er ikkje er inngått ein gyldig avtale i desse sakene, fordi forbrukarane ikkje har forstått at dei takka ja til eit abonnement. Konsekvensen av dette er at forbrukarane ikkje pliktar å betale. Det er viktig at forbrukarane protesterer skriftleg på krava til selskapet.

– Når så mange forbrukarar ikkje vedkjenner seg noko avtale med Vital Nordic, er det noko grunnleggjande gale med bestillingsprosessen. Forbrukarar skal ikkje bli lurt inn i eit abonnement på denne måten, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Angreretten i behald
Fordi selskapet ikkje opplyser om angrerett slik dei er forplikta til, har forbrukarane framleis angreretten sin i behald. Har ein ikkje fått tilstrekkelege opplysningar om angrerett, blir denne utvida til tre månadar frå ein mottar opplysningane, og seinast eitt år etter at ein får vara.

Gi selskapet skriftleg beskjed om at du nyttar angreretten din – og ikkje betal kravet.

Kan ikkje drive inkassoverksemd i Noreg

Selskapet gir seg ikkje med betalingskrav – sjølv etter at forbrukarane har protestert på krava sender dei både inkassokrav og prosessvarsel. Finanstilsynet opplyser at selskapet ikkje har konsesjon til å drive inkassoverksemd i Noreg. Også dei oppmodar forbrukarane til ikkje å betale, og til å protestere på krava.

Sjølve prosessvarselet er eit ledd før sak vert reist. Du bør bestride også dette kravet skriftleg – sjølv om du allereie har protestert på det opphavlege betalingskravet og inkassovarselet.  

– Dette er eit klassisk tilfelle av negativt sal. Mangelfull informasjon til forbrukar og svært dårlege rutinar for bestilling og avbestilling fører til ei rekkje urettmessige krav mot forbrukarane. Det er heldigvis sjeldan vi ser det så ille som dette.  Denne praksisen er verkeleg hårreisande, seier Ragnar Wiik, leiar i Forbrukar Europa.



Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer