Støvsugarseljarar bryt lova

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Støvsugarseljarar bryt lova

01.09.2011
Gry Nergård2

Forbrukerombud Gry Nergård.

Forbrukarombodet har i fleire år fått mange klager på selskapet Attitude Norway sin ufine og ulovlege framgangsmåte ved telefonsal. Ombodet fatta i juli vedtak mot selskapet. Attitude har klaga vedtaket inn for Marknadsrådet.

Attitude Norway driv med telefon- og dørsal av støvsugarar. Forbrukarane som har klaga på Attitude sine oppringingar er reserverte mot telefonsal. Ingen av klagarane har heller noko kundeforhold til selskapet.

Sjekka ikkje Reservasjonsregistret

Attitude opplyser til Forbrukarombodet at dei blant anna skaffar seg telefonnummer gjennom å be tidlegare kjøparar om å oppgi telefonnummer til venner og kjente. Regelen i marknadsføringslova er heilt klar på at også telefonnummer som er skaffa på denne måten må kontrollerast opp mot Reservasjonsregisteret. Det har ikkje Attitude gjort.

- Forbrukarane reserverer seg mot telefonsal fordi dei ikkje ynskjer å bli kontakta av telefonseljarar. Ein har ikkje mindre behov for vern fordi ein bekjent har gitt nummeret ditt til ein næringsdrivande, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Påtrengjande heimebesøk
Forbrukarane som vert kontakta av selskapet reagerer også på at Attitude prøver å kamuflere telefonsalet som ei lovleg marknadsundersøking. I tillegg endar telefonsamtalen i fleire tilfelle opp med at ein av Attitude sine seljarar kjem heim til forbrukaren for å demonstrere støvsugaren.

– Dette er noko mange opplever som påtrengjande og ubehageleg, seier Nergård.

Viser liten vilje til å innrette seg
Forbrukarombodet har ved fleire høve teke opp dei ulovlege forholda med Attitude, men selskapet viser liten evne og vilje til å innrette seg. I juli fatta ombodet vedtak mot selskapet. Vedtaket forbyr Attitude å ringe forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal, i tillegg til at dei vert pålagt å informere om at oppringinga er eit ledd i marknadsføringa av deira produkt.

Attitude må betale 100.000 i lovbrotsgebyr. I tillegg må både selskapet og dagleg leiar betale ei tvangsmulkt på høvesvis 200.000 og 100.000 kroner dersom vedtaket vert brote.

Attitude har klaga vedtaket inn for Marknadsrådet. Det er venta at saka skal opp for Marknadsrådet i løpet av hausten.

Kontaktpersonar hjå Forbrukarombodet:
Gry Nergård, forbrukarombod (Tlf.: 99 00 50 80)

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer