Forbrukarombodet tar M Quest til Marknadsrådet
M Quest AS sendte i sommar ut SMS-ar som kosta 200 kroner å ta imot til 2300 forbrukarar. Forbrukarombodet har fått over 230 klager og tar no saka inn for Marknadsrådet. Ombodet vil be Marknadsrådet fatte vedtak om lovbrotsgebyr.
M Quest AS sendte ut reklame for mobiltenesta Tulletelefon sju gonger frå mai til juli, og kravde 200 kroner per melding. Fleire av klagarane i saka seier dei har blitt belasta på telefonrekninga med godt over 1000 kroner for desse meldingane.
– Dette er ei svært alvorleg sak. Når over 230 forbrukarar klagar til oss, og det gjeld store pengebeløp, er det viktig at det blir reagert kraftig mot dei ansvarlege, seier forbrukarombod Gry Nergård.
Forbrukarombodet har fleire gonger bedt M Quest dokumentere om klagarane i saka har meldt seg på tenesta. Selskapet hevdar at alle klagarane har bestilt den, men har ikkje klart å leggje fram gode nok bevis for dette.
Klart brot
Forbrukarombodet har difor konkludert med at M Quest AS klart har brote marknadsføringslova, og vil leggje saka fram for Marknadsrådet. Ombodet ber Marknadsrådet fatte vedtak om at selskapet må betale eit lovbrotsgebyr for dei ulovlege handlingane.
Forbrukarombodet har varsla selskapet og styreleiaren om dette. Brevet til M Quest kan du lese her.
– Skal ikkje lønne seg å drive ulovleg
På grunn av omfanget av saka, vil ombodet be Marknadsrådet fatte vedtak om lovbrotsgebyr på 800 000 kroner for selskapet og 150 000 kroner for styreleiar.
– M Quest har forsøkt å tene mykje pengar på lovbrota. I denne typen saker er det svært viktig at lovbrotsgebyret er høgt nok til at det ikkje skal lønne seg å drive ulovleg verksemd, seier forbrukarombod Gry Nergård.
Les også: Uønskt sms-spam frå M Quest
Kontaktpersonar hos Forbrukarombodet:
Frode Elton Haug, juridisk direktør (Tlf: 986 60 566)
