Åtvarar mot dørsal av straum

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Åtvarar mot dørsal av straum

18.11.2011

Forbrukarombodet har fått reaksjonar frå fleire forbrukarar som har hatt besøk av pågåande straumseljarar. Ombodet åtvarar difor mot å inngå straumavtalar ved dørsal.

Det er særleg firmaet Max Kraft sitt dørsal forbrukarar har kontakta Forbrukarombodet om i det siste. Forbrukarane har fyrste rekke reagert på at seljarar frå Max Kraft har gitt inntrykk av at dei kjem på besøk for å gjere ein rutinekontroll, men føremålet med besøket er å få forbrukaren til å bli straumkunde hos firmaet.

- Ein slik metode er i strid med marknadsføringslova. All marknadsføring skal tydeleg framstå som marknadsføring og ikkje kamuflerast som noko anna, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Kritiske til dørsal av straumavtalar
Forbrukarombodet åtvarar mot å signere på ein straumavtale ved dørsal. Straumavtalar kan vere både kompliserte og uoversiktlege, og det viser seg ofte at innhaldet i avtalen ikkje stemmer overeins med det seljaren har fortalt. 

- Slike avtalar eignar seg rett og slett ikkje for dørsal, seier Nergård.

Tidlegare erfaringar har vist at det er dei mindre seriøse aktørane i bransjen som nyttar seg av dørsal som marknadsføringskanal for straum. Avtalane som vert marknadsført på denne måten inneheld gjerne vilkår som er lite gunstige for forbrukaren.

- Vi har førebels ikkje vurdert kontraktvilkåra til Max Kraft, men det er ofte problem med vilkår om forskotsbetaling, bindingstid og oppseiingsgebyr i slike avtalar, avsluttar forbrukarombod Gry Nergård.

Angrerett ved dørsal
Ved dørsal har forbrukarar i utgangspunktet 14 dagars angrerett på inngåtte avtalar. Har ein ikkje fått angrerettsskjema og tilstrekkelege opplysingar om angreretten, blir angrefristen utvida til minst tre månader.

Kontaktpersonar hjå Forbrukarombodet:
Gry Nergård, forbrukarombod (tlf.: 99 00 50 80)
Frode Elton Haug, fagleiar (tlf.: 98 66 05 66)
Brit Røthe, jurist (tlf.: 45 49 00 40)

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer