Får du framleis betalingskrav frå MyHygo?

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Får du framleis betalingskrav frå MyHygo?

24.11.2011

Forbrukarombodet åtvara både i mai og august om det svenske selskapet Onlinecon Group som står bak MyHygo. No har selskapet på nytt sendt ut betalingskrav og inkasso, og Forbrukarombodet blir igjen kontakta av fortvilte forbrukarar.

Gjennomgåande reagerer forbrukarane på at dei har fått varer i posten som dei ikkje har bestilt, eller betalingskrav for varer dei verken har bestilt eller mottatt.

Abonnement - ingen gratisprøve
MyHygo marknadsfører seg på internett med gratis prøvepakkar på mellom anna barberhøvlar. At tilbodet i realiteten er eit løpande abonnement på barberhøvlar går berre fram av den lille skrifta i vilkåra. Dermed blir mange forbrukarar villeia.

At ein blir innmeldt i eit abonnement som kostar pengar, er eit vesentleg vilkår som må komme tydeleg fram for forbrukaren allereie i marknadsføringa. Slik informasjon skal ikkje gøymast bort i vilkåra.

Onlinecon Group har også vore i søkelyset til Konsumentverket i Sverige for marknadsføring retta mot svenske forbrukarar. Forbrukarombodet sender over klagene frå norske forbrukarar til Konsumentverket for vidare oppfølging.

Protester på krava du er ueinig i – også inkassokrava
Dersom du meiner du aldri har inngått noko avtale med selskapet eller at avtala ikkje er gyldig på grunn av mangelfulle opplysningar i marknadsføringa, må du protestere skriftleg på kravet til både selskapet og inkassoselskapet. Det er ikkje nødvendig å protestere meir enn ein gong til kvart av selskapa. Vi anbefaler bruk av e-post slik at du kan dokumentere korrespondansen i ettertid.

Du har verken plikt til å oppbevare, returnere eller betale for varene du ikke har bestilt.

Meiner selskapet dei har eit krav mot deg, til tross for at du har protestert, er det opp til dei å ta saka inn for Forliksrådet, noko Forbrukarombodet har erfart at aldri skjer i denne type saker.

Bruk gjerne Forbrukerrådets klageguide for å lage eit klagebrev til selskapet og send gjerne Forbrukarombodet ein kopi av klagen. Forbrukarombodet har etter marknadsføringslova ikkje anledning til å yte bistand til kvar enkelt forbrukar som vil klage.

Les også: Fått «gratis» barberhøvlar i posten?




Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer