Næringslivet må gi betre informasjon til unge vaksne

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Næringslivet må gi betre informasjon til unge vaksne

21.11.2011
Gry Nergård

Forbrukarombod Gry Nergård.

Forbrukarombodet la mandag fram sin rapport om unge vaksne og betalingsproblem. Ombodet peiker mellom anna på manglande informasjon frå næringsdrivande, enkle betalingsløysingar og lett tilgang på kreditt som moglege forklaringar på kvifor mange unge får økonomiske problem.

Forbrukarombod Gry Nergård la fram rapporten på konferansen “Kjøp nå – betal senere” i regi av Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet. Temaet for konferansen i Oslo er unge vaksne og betalingsproblem. Sjå programmet for konferansen her.

Forbrukarombodet har i 2011 sett nærare på unge vaksnes betalingsproblem. Vi har særleg sett på marknadsføring og avtalevilkår dei unge møter, og anna informasjon dei får i samband med kjøp.

- Å bli myndig fører med seg nye rettar og plikter. Mellom anna kan ein frå fylte 18 år stifte gjeld og inngå juridisk bindande avtalar. Desse endringane kan vere utfordrande for den unge forbrukaren - og konsekvensane av å trå feil kan bli store, seier forbrukarombod Gry Nergård.

- Betalingsproblem tidlig i livet gir eit dårleg økonomisk utgangspunkt og kan få store ringverknadar, påpeiker Nergård.

Kjappe kjøp og enkel kreditt
Marknadsføringa til unge vaksne er massiv og prega av sterke oppmodingar til kjøp, «gåver» ved kjapp bestilling og ulike formar for sal. Slike metodar er ofte eigna til å villeie og påverke forbrukarane til å ta kjappe kjøpsavgjerder. Nett og smarttelefonar gir lett tilgang til enkle kjøpsløysingar, og det er kort veg frå bloggen som omtalar ei jakke, til nettbutikken der den same jakka kan kjøpast på avbetaling.
 
- Marknadsføring som gir inntrykk av at du kan kjøpe alt no, men betale seinare, kan freiste mange til å utsette betalinga. Problema dukkar opp når eit meir passande betalingstidspunkt ikkje kjem, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Det er lett for unge vaksne å få kreditt, og dei blir også jamleg eksponert for tilbod om kreditt. Forbrukarombodet meiner at den stadige eksponeringa for kredittilbod, kombinert med bodskapen om at kreditt er enkelt og kjapt, er problematisk for unge vaksne.

- Eg oppmodar bransjen om å tone ned bodskapen om enkel og rask kreditt og arbeide for betre og klårare kommunikasjon til målgruppa, seier Nergård.

Moglege tiltak  
Forbrukarombodet foreslår ulike tiltak for å redusere og førebygge betalingsproblema hos unge vaksne. Forbrukarombodet vil fortsette å ha eit ekstra fokus på unge vaksne sine utfordringar i finansmarknaden og arbeide for tryggare betaling med mobiltelefonen. 
 
Vi støttar forslaget om eit gjeldsregister for å gjere prosessen ved kredittopptak sikrare. Vi er også positive til å fastsetje ei øvre grense for kor høge renter ein kredittytar kan krevje, då dette kan bidra til å beskytte sårbare forbrukarar mot unødvendig kostbar kreditt.

Sist, men ikkje minst, trur vi det er viktig å byggje opp kompetansen til dei unge sjølv, gjennom meir personleg økonomi i skulen og generelt betre og meir tilpassa informasjon til målgruppa frå næringslivet.

Heile rapporten kan du lese her.


Les også:
SIFOs rapport "Unge voksne og lånefinansiert forbruk"

Forbrukerrådet: Unge voksne sliter med å betale tilbake

Kontaktpersonar hos Forbrukarombodet:
Gry Nergård, forbrukarombod (Tlf: 99 00 50 80)
Tonje Hovde Skjelbostad, fagleiar (Tlf: 916 18 729)
Hege Kristin Ulvin, kommunikasjonsrådgjevar (Tlf: 971 72 650)




Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer