Samarbeid for tryggare bustadhandel

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Samarbeid for tryggare bustadhandel

02.11.2011
Gry Nergård

Forbrukerombud Gry Nergård.

Mange forbrukarar opplever kjøp og sal av bustad som krevjande og føler seg usikre i prosessen, viser to ferske rapportar. No går Forbrukarombodet, Forbrukarrådet og meklarbransjen saman for tryggare bustadhandel.

Dei to rapportane frå SIFO og TNS Gallup viser mellom anna at forbrukarane opplever både kjøp og sal av bustad som utrygt og at dei ønskjer meir standardisert informasjon. Tre arbeidsgrupper skal no sjå på kvart sitt tema: tryggare kjøp av bustad, betre forbrukarinformasjon og meklar- og taksttenester.

– Kjøp av bustad er den største investeringa ein forbrukar gjer, så det er viktig at heile prosessen rundt dette blir gjort mest mogleg trygg og oversiktleg, seier forbrukarombod Gry Nergård

Forbrukarombodet skal delta i to av arbeidsgruppene.

Tryggare kjøp
Den eine arbeidsgruppa skal diskutere ulike måtar å gjere kjøp og sal av bustaden tryggare på. Gruppa skal mellom anna sjå på korleis delar av informasjonen som blir gitt ved marknadsføring av bustadar kan blir standardisert slik at det blir enklare å vurdere bustadane.

Denne gruppa skal også sjå på sjølve bodprosessen, som er noko av det som blir oppfatta som mest problematisk for forbrukarane

– Vi meiner det er viktig at dette skjer i samarbeid med bransjen og ser fram til ein konstruktiv dialog og gode resultat, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Meklar- og taksttenester
Forbrukarane i dei to rapportane etterlyser også betre samanlikningsgrunnlag for meklar- og taksttenester. Meklarbransjen, Forbrukarombodet og Forbrukarrådet skal difor samarbeide om å lage standardisert prisinformasjon for desse tenestene.

– Det er viktig at forbrukarane enkelt kan samanlikne tilbod frå forskjellige fagfolk, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Kontaktpersonar hos Forbrukarombodet:
Gry Nergård, forbrukarombod (Tlf: 99 00 50 80)
Jo Gjedrem, fagdirektør (Tlf: 93 23 16 40)

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer