Få oversikt i straumjungelen

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Få oversikt i straumjungelen

13.12.2011

Vinteren er her, og det kan vere nokon som vurderer å byte straumleverandør. Det er mange leverandørar, som kvar tilbyr mange ulike avtaletypar. Forbrukarombodet gir deg nokre tips som kan gjere straummarknaden litt meir oversiktleg.

I utgangspunktet finst det tre ulike straumprodukt – marknadskraft, standard variabel og fastpris. Dersom du har marknadskraft (ofte kalla spotpris), betalar du det straumen til ei kvar tid kostar på straumbørsen NordPool pluss eit påslag til leverandøren din. Påslaget til leverandøren varierer frå 1200 kroner året hos dei dyraste og helt ned i under hundrelappen hos dei billegaste.

Dersom du har ein standard variabel avtale, varierer også prisen i takt med endringane på NordPool, men leverandøren pliktar å melde frå om prisendringar 14 dagar før dei trer i kraft. Dette betyr at prisen på standard variabel-produkt ofte vil «hengje litt etter» spotprisen når denne stig og synk.

Ein fastprisavtale er ein avtale om at du betalar ein fast pris per kilowattime for straumen over ein periode, til dømes eit år. Viss du veit ca. kor mykje straum du brukar, vil ein fastprisavtale gi deg ei straumrekning utan store overraskingar.

Mange nye produkttypar
Konkurransetilsynet sin kraftprisoversikt er eit godt verkty for å sjekke prisar på straumavtaler. Det er likevel mange produkt som ikkje er å finne på kraftprisoversikta. Leverandørane er nemleg berre plikta til å melde inn dei avtalane som passar inn i definisjonen av marknadskraft, standard variabel eller fastpris.

Dei siste åra har Forbrukarombodet sett mange døme på at straumleverandørar tilbyr produkt med «pristak», «prisgaranti», «topp 10 garanti» og liknande. Slike produkt vil du som oftast ikkje finne på kraftprisoversikten.

Fem straumtips
Uansett kva straumprodukt du vel, er det enkelte ting Forbrukarombodet vil gjere deg merksam på:

  • Sjekk betalingsvilkåra og vel ein leverandør som fakturerer straumen etterskotsvis
  • Ikkje inngå avtale på stands eller ved dørsal
  • Ver merksam på innelåsande vilkår som bindingstid og oppseiingsgebyr
  • Ein betalar ofte litt ekstra for å ha ein «prisgaranti», «pristak» eller liknande 
  • Bruk Konkurransetilsynet si kraftprisoversikt for å sammenlikne prisar på forskjellige avtaler


Kontaktpersonar hjå Forbrukarombodet:
Frode Elton Haug, juridisk direktør (tlf.: 98 66 05 66)
Brit Røthe, jurist (tlf.: 45 49 00 40)

Forbrukerombudet, Sandakerveien 138, 0484 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Nettredaktør: Steinarr Sommerset