Krev betre vilkår for fasttelefoni

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Krev betre vilkår for fasttelefoni

05.12.2011

Visste du at også fasttelefonen kan brukast til betaling? Fleire forbrukarar har fått ei uventa høg rekning etter at fasttelefonen er blitt brukt til kjøp av tilgang til eller innhald i spel og tenester på nettet.

Forbrukarombodet har gjennomgått standardavtalane som dei fire største tilbydarane av fasttelefoni brukar.

- Gjennomgangen viser at forbrukarane har dårleg vern når dei betalar via telefonrekninga, og vi krev difor at teleoperatørane ordnar opp i dette, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Forbrukarombodet har tidlegare tatt opp tilsvarande avtalevilkår med mobiltelefonoperatørane.

Les også: Krever tryggere betaling med mobil

Problematiske tilleggstenester
Standardavtalane for fasttelefoni er utforma med tanke på bruk av telefonen til kommunikasjon. Dei siste åra har teleoperatørane også opna for kjøp av tenester over telefonrekninga. Dette er det derimot ikkje tatt omsyn til i standardavtalane.

- Forbrukarane har inngått ein avtale om å ringe. Ynskjer teleoperatørane at forbrukarane også skal nytte fasttelefonen til betaling for varer og tenester, bør dei etter mi meining inngå ein eigen avtale med dei forbrukarane som vil ha slike tenester, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Betre vern med bankkort
Når du bruker bankkort til å betale for varer og tenester, er du beskytta av beløpsgrenser og ansvarsreglar ved misbruk. I dag har du ikkje det same vernet om du betalar med fasttelefonen.

- Det er ingen grunn til at forbrukarane skal vere dårlegare beskytta når dei betalar med fasttelefonen enn når dei betaler med bankkort.

Forbrukarane bør ha det same vernet uansett kva betalingsmetode den næringsdrivande tilbyr, påpeiker forbrukarombod Gry Nergård.

Les Forbrukarombodet sitt brev til teleoperatørane her.

Kontaktpersonar hos Forbrukarombodet:
Gry Nergård, forbrukarombod (Tlf: 99 00 50 80)
Petter Ravne Bugten, fagdirektør (Tlf: 92 20 16 22)
Bård Solem, juridisk rådgivar (Tlf: 45 49 00 19)

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer