Viktig å tenke på når du vel utdanning
Mange private skular har søknadsfrist 1. februar. Som student er det viktig at du sett deg godt inn i kva skulen tilbyr, kva rettar du har og kva kontraktvilkår som gjeld før du vel skule. Nedanfor har Forbrukarombodet samla nokre råd for å hjelpe deg med dette.
Tenk gjennom om dette er rett skule for deg!
• Kva undervisning får du?
Sjå nærare på undervisningstilbodet: talet på undervisningstimar, undervisningslokala, krav om sjølvstudium, oppfølging og rådgjeving frå lærar/rådgjevar, mogelegheit for lærlingplass og hjelp til å skaffe slike, planlagde studieturar og kven som skal betale for desse.
• Er skulen kontrollert av eit offentleg organ?
Sjå på nettsida til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) eller Utdanningsdirektoratet.
• Kva synes tidlegare studentar?
Søk på internett etter tidlegare studentars erfaringar med skulen.
• Får du studiepoeng for denne utdanninga, og kan du byggje vidare på den andre plassar?
For å få studiepoeng må studiet være godkjent på høgskule- eller universitetsnivå. Sjå heimesidene til NOKUT.
• Kva mogelegheiter gir denne utdanninga i arbeidslivet?
Sjå etterspurnad hos NAV, bransjen og erfaringar til tidligare elevar/studentar.
• Kor lenge har skulen vore i drift og korleis er skulens økonomi? Mottar skulen offentleg stønad?
Dette kan påverke kor stabilt skuletilbodet er. Sjå kva opplysningar som finns i Brønnøysundregistra.
Sjekk kva du forpliktar deg til i skulekontrakten
• Kor mykje kostar skuletilbodet, og kva inkluderer dette?
• Må du betale eit gebyr når du takkar ja til plassen? Får du att pengane dersom du ombestemmer deg?
• Kor mykje må du betale dersom du trekk deg frå skulen før eller etter opptak?
• Kva reglar gjeld dersom du blir sjuk?
• Krev skulen at du seier opp plassen din skriftleg? – Vi anbefalar uansett at du seier opp skriftleg.
• Er skulekontrakten i tråd med Forbrukerombudets retningslinjer for skolekontrakter?
• Hugs å ta vare på kontrakten og eventuelle kvitteringar når du betalar til skulen!
Overhald tidsfristane
• Hugs å takke ja til den skuleplassen du vil ha innan fristen.
• Betal eventuelle skulepengar og eksamensavgift i tide.
• Undersøk om du mistar skuleplassen dersom du ikkje møter første skuledag.
• Hugs å melde deg opp i kurs eller fag, og til eksamen.
• Når må du eventuelt seie opp skuleplassen for ikkje å betale for neste semester eller neste skuleår? - Hugs å seie opp innafor fristane!
Har du fleire spørsmål? Send ein e-post til ungforbruker@forbrukerombudet.no. Sjekk også vår Facebookside “U-lurt”: Forbrukerombudets side for unge forbrukere.
Lykke til med skulevalet!
Kontaktperson hos Forbrukarombodet:
Tonje Hovde Skjelbostad, fagleiar (tlf.:916 18 729)
