Personvernerklæring
Personopplysningar Forbrukarombodet tek imot i samband med klagar eller førespurnader vi registrerar som saker, oppbevarer vi i saksarkivet vårt. Opplysningane vert berre nytta i saksbehandlinga vår.
Dette følgjer av lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), som òg gjeld for Forbrukarombodet. Denne lova gjev rett for alle til å sjå brev og dokument i saker som vert behandla.
Les offentleglova her.
Når du sender inn ein klage, vil denne være ein del av dokumenta i saka. Den som er klaga inn, vil vanlegvis få kopi av klagen, og namnet ditt vil gå fram av brevet frå Forbrukarombodet dersom vi tek saka opp til behandling. Blir saka omtala offentleg, til dømes i pressa, er det usannsynleg at namnet ditt vil komme fram.
Det er mogleg å be om å få vere anonym i samband med at ein sender inn ein klage. I så fall kan Forbrukarombodet ta saka opp på eige tiltak. Då vil du ikkje haldast orientert i saka. Som hovudregel prioriterar vi saker kor vi kan vise til ein klage høgare enn saker kor vi ikkje kan det.
Vi legg ofte ut saker som har interesse for publikum på heimesida vår. Vi vil då ikkje oppgjeve namn på private klagarar. Klagar du på vegner av ein organisasjon, kan det være at vi opplyser om organisasjonens namn.
