Gratulerer, du vann!?

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Gratulerer, du vann!?

04.03.2008
Er det mogleg å vinne fleire tusen dollar ved å gjere noko så enkelt som å klikke på ei annonse på internett?

På bakgrunn av klagar og spørsmål frå forbrukarar, har Forbrukarombodet undersøkt eit større tal norske og utanlandske internettsider for marknadsføring av lotteri og liknande konkurransar.

Forbrukarombodet fann fleire annonsar for det amerikanske lotteriet FreeLotto som ser ut til å vere villeiande og i strid med både norsk og amerikansk regelverk for marknadsføring.

- Når noko høyrest for godt ut til å vere sant, så er det oftast nettopp det, seier forbrukarombod Bjørn Erik Thon.

Må sjå reklame for å vinne
Annonsane for lotteriet er til dømes utforma som ein gratulasjon om at ein som besøkande nummer 980 556 995 på internettsida har vunne ein pengepremie. Dersom ein klikkar på annonsen vert ein overført til http://www.freelotto.com/register, der ein må gje frå seg diverse kontaktinformasjon for å få utlevert premien.

Sjølv om annonsane gir eit klart førsteinntrykk av at ein har vunne ein pengepremie, viser det seg at ein berre har vunne ein rett til å delta i eit sponsa lotteri der ein må sjå på reklame på internettsider og e-post for å kunne vinne. I tillegg må ein melde seg på eit månadleg abonnement for å delta i ytterlegare lottospel.

- For godt til å vere sant
Etter det Forbrukarombodet kjenner til har fleire forbrukarar som har gitt frå seg kredittkortsopplysingar til selskapet, opplevd at det blir trekt pengar frå kontoen.

- Folk bør ikkje gje frå seg opplysingar til FreeLotto eller liknande selskap som lovar ut premiar utan at ein har kjøpt lottokupong eller delteke i ein konkurranse, åtvarar forbrukarombod Bjørn Erik Thon.

Forbrukarombodet har no bedt Federal Trade Commission i USA om å ta opp saka med selskapet PlasmaNet Inc, som står bak FreeLotto.

På nettstaden ripoffreport.com kan du lese meir om erfaringar folk har hatt med FreeLotto.

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Hege Kristin Ulvin