SMS-reklame frå Mobildeal ga klagestorm
Ein SMS med reklame for mobilselskapet Mobildeal AS førte til klagestorm i juni og juli. Forbrukarombodet krev dokumentasjon på at selskapet hadde henta inn samtykke frå mottakarane før dei sendte ut meldingane.
Forbrukarombodet har fått heile 61 skriftlege klagar frå forbrukarar som reagerer på at dei har fått tilsendt ei reklamemelding med tilbod om mobilabonnement hos Mobildeal.
- Dette er svært mange klagar i ei enkeltsak. Klagetalet seier noko om irritasjonen hos mange forbrukarar over å få tilsendt reklame via SMS, seier forbrukarombod Bjørn Erik Thon.
Etter det Forbrukarombodet kjenner til, vart reklamen sendt til fleire hundre tusen nordmenn.
Forbode utan samtykke
Klagarane hevdar at dei ikkje har gitt samtykke til å få tilsendt reklame frå selskapet. Det er forbode for næringsdrivande å rette marknadsføring til fysiske personar ved hjelp av SMS eller e-post, med mindre ein har henta inn samtykke frå mottakarane på førehand eller har eit kundeforhold til desse.
Samarbeidspartnarane til Mobildeal hevdar på si side at dei har dokumentasjon som viser at klagarane i saka hadde gitt samtykke til å få reklame via SMS. Ombodet ventar no på å få tilsendt denne dokumentasjonen.
Mange aktørar
Kampanjen marknadsførte eit produkt som vart levert av Mobildeal AS. Selskapet hadde inngått avtale med selskapet Megacom om tilrettelegging av kampanjen. Desse samarbeida med DirektMedia AS, som leverte datagrunnlaget (mobilnummer, etc.) til kampanjen gjennom underleverandørane World Wide Telecom og Mobile Marketing AS. Eurobate AS stod for den tekniske utsendinga av meldingane.
- Det er uheldig for forbrukarar som ønskjer å reagere på SMS-reklamen at informasjonen om kven som står bak utsendinga er vanskeleg tilgjengeleg, seier Thon og peikar på at dette ofte er eit problem i spam-saker.
Thon understrekar at det er annonsøren som i første rekke er ansvarleg for marknadsføringa, men at alle aktørane som har gjort utsendinga mogleg vil kunne ha eit medverkaransvar.
Etter at Forbrukarombodet tok opp saka med Mobildeal, har selskapet gjort visse endringar i kampanjen. Mellom anna vert det no opplyst i meldingane kven marknadsføringa skjer på vegne av og korleis forbrukarar kan trekke tilbake eit eventuelt samtykke. Selskapet har også valt å avslutte samarbeidet med dei to tidlegare leverandørane av mobilnummer og i staden inngått avtale med ein ny leverandør.
Kontaktperson hos Forbrukarombodet:
Merete Tollefsen, jurist (Tlf: 45 49 00 19)
Frode Elton Haug, seksjonssjef (Tlf: 98 66 05 66)
