Lotterisvindel på SMS
Utanlandske svindlarar har lenge prøvd å lure folk til å tru at dei har vunne store premiar i falske lotteri. Svindlarane nøyer seg ikkje lenger med å sende brev eller e-post. Det nye er at dei kontaktar forbrukarar via SMS.
- Du har vunne
Forbrukarombodet får stadig spørsmål frå forbrukarar som får tilsendt brev eller e-post med beskjed om at ein har vunne store summar i utanlandske lotteri.
Ombodet har den siste tida også fått tips frå forbrukarar som har fått SMS med beskjed om at mobilnummeret deira har vunne 185.000 Euro i eit spansk lotteri.
Ikkje gå i fella
Forbrukarombodet åtvarar folk mot å ta kontakt med avsendar av meldingar om gevinstar.
- Vårt klare råd er å sjå vekk frå meldingane. Det er ingen tvil om at dette er forsøk på svindel, seier seksjonssjef Frode Elton Haug.
Forbrukarombodet sitt «svindelgalleri» gir deg meir informasjon om korleis du kan avsløre lotterisvindlarar.
Har du motteke ei liknande melding om lotterigevinst og ønskjer å klage, kan du gjere det her.
Kontaktpersonar hjå Forbrukarombudet:
Frode Elton Haug, seksjonssjef (Tlf: 98 66 05 66))
Merete Tollefsen, jurist (Tlf: 45 49 00 19)
