Ver på vakt mot telefonsal
Takkar du ja til ei gratis gåve, bør du passe godt på kva som dumpar ned i postkassa di. Som regel er ei gratis gåve heilt utan plikter for god til å vere sann.
- Det er svært sjeldan at seljarar gir vekk produkt utan plikter, og mest sannsynleg har du blitt abonnement på eit produkt - utan at du nødvendigvis blir opplyst om dette. Dermed kan gåva fort vise seg å koste meir enn den smakar, påpeiker forbrukarombod Bjørn Erik Thon.
Lovstridig
Forbrukarombodet erfarar at denne framgangsmåten er hyppig nytta frå telefonseljarane si side. Vi har sett og høyrt fleire døme på korleis ein telefonseljar absolutt ikkje skal gå fram.
I lydopptaket under kan du høyre korleis ein telefonseljar får ein forbrukar til å takke ja til eit produkt utan forpliktingar, medan det heile i ettertid viser seg å dreie seg om ei abonnementsteneste. Forbrukarombodet har fått tilsend lydopptaket frå telefonsalgsselskapet, og kunden i samtalen har samtykka til at det vert lagt ut på vår heimeside.
Høyr lydopptaket her.
Framgangsmåten er i strid med marknadsføringslova på fleire punkt. Marknadsføring skal for det første alltid presenterast som nettopp marknadsføring, og ikkje som ei «gåve». Vidare vil ei unnlating av opplysningar om at ein blir knytt til eit abonnement vere lovstridig, og føre til at forbrukaren ikkje har plikter etter avtalen.
Dette bør du gjere
Dersom du mottek varer med krav om betaling etter ein samtale som den i lydfila ovanfor, bør du merke deg dette:
- Du er ikkje forplikta til anna enn det du faktisk har takka ja til.
- Dersom du ikkje er interessert i å ha eit abonnement, skriv til avsendar av produktet og presiserar at du ikkje har inngått ein avtale om dette, og at du difor ikkje pliktar å betale kravet.
- Er du usikker på kva som blei avtalt i samtalen, hugs at du i alle høve har angrerett i minst 14 dagar.
- Be dei om å slette deg som abonnent og frå eventuelle ringelister.
- Send ein klage til Forbrukarombodet, slik at vi kan registrere problemet, ta det opp med det aktuelle firma, og åtvare andre forbrukarar.
Kontaktperson hjå Forbrukarombodet:
Bjørn Erik Thon, forbrukarombod (Tlf: 99 00 50 90)
