Ver på vakt i salstider!

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Ver på vakt i salstider!

04.08.2010

I august nyttar mange næringsdrivande salskampanjar for å lokke deg som forbrukar til butikkane. Forbrukarombodet ber forbrukarar utvise sunn skepsis overfor marknadsføringa.

Når butikkane i annonsar, eigne aviser og på radio og TV seier at dei har "Sal!", "Sjokkprisar" eller gir andre utsegn som tyder på at du no kan gjere gode kjøp, så skal det faktisk vere sal.

Varene som er på "sal" skal tidlegare ha vore seld til den oppgitte førprisen i eit visst monn. Det skal med andre ord vere ein reell førpris, ikkje berre ein "lurepris".

Utfordrande for forbrukarar å følgje med
Butikkane må dessutan opplyse om den reelle førprisen i marknadsføringa, slik at både forbrukarar, konkurrentar og Forbrukarombodet kan vurdere kva "salet" inneber.

- Det er sjølvsagt vanskeleg for den einskilde forbrukar å vite om førprisane er reelle. Difor klagar få forbrukarar til Forbrukarombodet. Men konkurrentane har ofte god greie på kvarandre sine prisar, og tipsar oss ofte om feil, seier seksjonssjef i Forbrukarombodet Jo Gjedrem.

Forbrukarombodet tek også stikkprøver i utvalde bransjar. Dei seinaste åra har ombodet behandla mange saker innanfor til dømes møbelbransjen og sportsbransjen. Ikkje alle er like flinke til å følgje lova.

Kva kan forbrukarane gjere?
Forbrukarombodet oppfordrar forbrukarar til å følgje med på prisane over tid før ein gjer større kjøp. Då kan ein vurdere om salsprisen er god, uavhengig av kva reklamen seier om førprisen.

Det kan også vere lurt å sjekke prisane på tilsvarande varer i andre forretningar. Kanskje er ikkje salsprisen så god som ein skulle tru ut frå reklamen?

Må ha vara i butikken
Eit anna krav er at butikkane i kjeda må ha dei annonserte produkta tilgjengeleg. Dersom det ikkje er tilfelle, vil det vere eit ulovleg lokketilbod. 

- Det held ikkje å annonsere med ei salsvare butikken berre har eitt eksemplar av, avsluttar seksjonssjef Jo Gjedrem.

Kontaktperson hjå Forbrukarombodet:
Jo Gjedrem, seksjonssjef (Tlf: 93 23 16 40)

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Hege Kristin Ulvin