Bli kvitt telefonsal for godt

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Bli kvitt telefonsal for godt

04.11.2009
1 812 623 personar har reservert seg mot telefonsal i Reservasjonsregisteret. Diverre er det ikkje alle av dei som slepp uønska telefonsamtalar. Er du av dei som stadig får telefonar du ikkje ynskjer, bør du lese desse tipsa.

Registrer telefonnummer i Reservasjonsregisteret
Når næringsdrivande ringer folk som har reservert seg, skjer det ofte fordi dei av ein eller annan grunn ikkje har fått treff på namnet og adressa deira når dei sjekkar listene sine opp mot Reservasjonsregisteret. Dette skuldast at namn og adresse som telefonseljarane har fått frå til dømes Posten eller nummeropplysningstenestar ikkje er identisk med det som er registrert i folkeregisteret. Dette moglege problemet kan du fjerne ved å legge inn telefonnummeret ditt i Reservasjonsregisteret.

- Vi oppmodar alle som ikkje ynskjer telefonsal om å leggje inn telefonnumra sine i Reservasjonsregisteret slik at reservasjonen deira fungerer best mogleg, seier forbrukarombod Bjørn Erik Thon.

Ikkje alle oppringingar er forbode
Det er ikkje alle typar telefonar du kan reservere deg mot. Til dømes må du godta å bli ringd opp angåande marknadsundersøkingar og av næringsdrivande du har eit kundeforhold til. Gjeld telefonen kundeforholdet ditt kan du likevel be om at dei ikkje kontaktar deg igjen.

Dersom du ikkje tar telefonen får du ikkje høyrd kva oppringinga gjeld og du får heller ikkje gitt beskjed dersom du vil bli sletta frå ringelistene. Difor er det betre å ta telefonen, høyre kven som ringer og gje beskjed. Viser det seg at det er nokon som har ringd i strid med reservasjonen din, kan du klage dei inn til Forbrukarombodet.

Kva kan eg klage på?
Du kan klage til Forbrukarombodet på den enkelte næringsdrivande som ikkje respekterar reservasjonen din. Når dei ringer bør du difor spørje kven som ringer (callsenter) og på vegne av kven (oppdragsgjevar). Forbrukarombodet kan då kontakte den næringsdrivande og vurdere rutinane deira for å sikre at dei ikkje ringer folk som har reservert seg mot telefonsal.

Oppdater reservasjonen din med telefonnummer på Brønnøysundregistras nettside eller Minside.

Sjå òg informasjon frå Barne- og likestillingsdepartementet om reservasjon mot telefonsal, uønska reklame og gratis avisar.

Kontaktpersonar hjå Forbrukarombodet:
Frode Elton Haug, seksjonssjef (Tlf: 98 66 05 66)
Ida Torgersdotter Øygard, jurist (Tlf: 93 08 10 40)
Tonje Hovde Skjelbostad, juridisk rådgjevar (Tlf: 45 49 00 37)

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Hege Kristin Ulvin