Saksgang hos Forbrukarombodet

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Saksgang hos Forbrukarombodet

Forbrukarombodet skal, av omsyn til forbrukarane, føre tilsyn med at dei næringsdrivande si marknadsføring og standard kontraktsvilkår er i samsvar med marknadsføringslova.

Vi fører òg tilsyn med andre lover og forskrifter. Les meir om dette her.

Forbrukarombodet behandlar klagar frå forbrukarar og næringsdrivande, men tek også opp saker på eige initiativ. Forhandlingar med dei næringsdrivande skjer som regel i form av utveksling av brev, men òg i møte.

Gjennom forhandlingar med næringsdrivande søkjer me å kome fram til frivillige ordningar. Dersom ei slik løysing ikkje vert oppnådd, kan Forbrukarombodet eller den næringsdrivande ta saka inn for Marknadsrådet. Marknadsrådet kan fatte vedtak mot den næringsdrivande og medverkarar. Forbrukarombodet kan òg leggje fram prinsippsaker for Marknadsrådet, sjølv om det ikkje finnast noko tvist med den næringsdrivande.

I hastesaker kan Forbrukarombodet fatte vedtak med forbod mot framleis bruk av eit ulovlig marknadsføringstiltak eller avtalevilkår. Dette vert gjort for å motverke at næringsdrivande haustar fordelar av å bryte marknadsføringslova mens ein ventar på at Marknadsrådet skal fatte vedtak. Eit slikt hastevedtak kan den næringsdrivande klage inn  til Marknadsrådet, men vedtaket får verknad med det same det er fatta.

Som hovudregel skal det fastsetjast ei tvangsmulkt til Forbrukarombodet og Marknadsrådet sine vedtak. Ved brot på vedtak blir plikta til å betale tvangsmulkta utløyst og Forbrukarombodet kan fatte vedtak om betaling av tvangsmulkt. Vedtak om betaling av tvangsmulkt kan på same måte som eit opphavleg vedtak klagast inn til Marknadsrådet. Endeleg vedtak om betaling av tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.

Ved forsettleg eller aktlaust brot på særskilte føresegner i marknadsføringslova, som anten er å sjå på som vesentlege eller har skjedd gjentatt, kan det fastsetjast eit lovbrotsgebyr etter marknadsføringslova som den næringsdrivande må betale for handlingar som har vorte utført i strid med lova.

Forbrukerombudet, Postboks 4597 Nydalen, 0404 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Webredaktør: Anna Charlotte Amdal Neumayer